Tilbakemeldinger fra Årsmøte

Nils Akselberg, frå Voss Fjellandsby,  fekk nokre spørsmål under årsmøtet i VFHL og i mingletimen etter årsmøtet.

Desse spørsmåla vart oversendt til Myrkdalen Fjellheisar og her fylgjer svara frå dagleg leiar John Ivar Norheim i Myrkdalen Fjellheiser, innført med raudt i teksten.

  • Det vart påpeikt at det måtte vurderast sikring av løypa langs Draugsvollen-bygget (B5),leiaren i sameiget meinte det måtte vere nett.  Denne bakken er sikra som ein alpinbakke og ikkje som akebakke.  Me vil heile tida vurdera kva som er tilstrekkeleg sikring. Sameiga hadde sett opp nett sjølve og det er ok for oss. Skal kikka på sikringa på nytt. Me vil halda ein mest muleg lik sikringspolitikk inntil hyttefelta.  Det å setja opp mykje nett skapar eit enormt vedlikehaldsarbeid for oss i normale vintrar noko som vil påverka bemanninga mykje, men me vil ha fokus på dette punktet.
  • Det var mange som etterlyste meir synleg skipatrulje. I helgane er det stort sett 4 skipatruljer og dei skal vera mest muleg synlege. Når dei ser nokon som skrir farleg snakkar me til dei på ein diskre måte slik at det er ikkje sikkert andre får med seg det. Me overhøvlar ikkje kundar i full offentlegheit. Veit at eks på langfredag hadde eine skipatrulja 10-12 tilsnakk. Skadetalet har ikkje auka vesentleg men er omtrent på nivå med sesongen for 2 år sidan.  Me har registrert styggare skriing i år. Dette er dessverre ein trend andre anlegg og har registrert. Det kan ha samband med svært gode og stabile forhold. Me vil ha full fokus på sikkerheit i framtida.
  • Det var eit forslag om å køyre Landsbytrekket 15-30 min lenger enn Myrkdalsekspressen, slik at hyttefolket kunne komme seg heim. Det vil me vurdera seriøst til neste sesong. Begrensinga er lysforholda. Dersom me ikkje får lys på plass i freestyleanlegget kan me ikkje køyra trekket så mykje lenger tidleg på sesongen. Etter lovverket skal det vera eit gitt lysnivå for å drifta eit skitrekk.
  • Det var eit forslag om at ein burde vurdere nedre del av løype 2 der det kjem mange skiløparar ut av skogen og kryssar tvers over løypa, og det var forslag om at det kanskje burde vere nett langs løype 2 og at ein også burde sjå på  «krysset» mellom løype 3 og Myrkdalskrossen. I ein normal vinter vil det vera svært mykje jobb å netta inn løype 2. Myrkdalen er normalt veldig spesiell med tanke på snømengdene. Me har ikkje vurdert det som nødvendig med sikringsnett i løype 2.   Vanlegvis vil det vera igjen eit spor i løypa ut mot skogen som ikkje vert trakka. Dette vil fungera som ein brems og buffersone på dei som kjem frå skogen. Med nett vil det og verta vanskeleg å komma seg inn/ ut  i hyttefeltet.  Når det gjeld kryss løype 3 og 12 vil det verta tilbake til normalen neste sesong når det ikkje skal byggast noko i løype 3. Dette krysset vil då verta brukt og sikra etter normal standard og trafikken vil verta styrt inn i felles løype i fartsretningen.

 

Generellt om sikkerheit. Me har hatt ein auke i trafikken på minst 26 % denne sesongen. Antall skadar er på omtrent samme nivå som det var for 2 år sidan og har ikkje auka i takt med auken i    trafikken. Samanlikna med andre skianlegg er me blant dei anlegga som har lite skadar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *